Nøkkelspelarar satsar vidare i Volda

Marte Lausund Nornes har signert ny toårskontrakt med Volda handball. Det same har Ingrid Jamtli Rye gjort.  Foto: Joachim Kroken Åsebø /Arkiv

Sport

Ingrid Jamtli Rye og Marte Lausund Nornes har signert nye toårskontrakter med Volda handball. Det opplyser klubben på sine heimesider.

- Vi er veldig glad for at Marte vel å vere med oss vidare. Det var sjølvsagt veldig kjedeleg at Marte blei skada i fjor, men ho har vore veldig flink i opptreninga og vi gleder oss til å få Marte tilbake på bana igjen. Marte er ein handballskalle, ho er ein klok spelar som også har veldig bra tekniske ferdigheiter, seier Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson.

Nornes ønsker å vere med vidare på satsinga i Volda.

- Eg valde å signere to år til for Volda fordi eg har stor tru på det langsiktige prosjektet. Klubben har ambisjonar om eliteserien, noko som hadde vore utruleg kjekt å få til her i Volda.

Jamtli Rye trur Volda kjem til å utvikle seg mykje som lag dei to neste åra.

- Eg signerer for Volda for dei neste to åra fordi eg trivst veldig godt her. Vi er ein veldig fin gjeng som har mykje gøy ilag. Ein annan grunn til at eg vel Volda er at eg føle eg får den utviklinga eg treng. Dessutan er det eit stort pluss at vi få ha Halldór i to nye år.