Til NM med høge mål

U19 laget til Kfum Volda har høge mål framfor NM  Foto: Kfum Volda

Sport

I helga 6.mars- 8.mars er det NM U19 volleyball i Kristiansand. KFUM Volda stiller med jente- og gutelag.

- Gutelaget er ein av favorittane, skriv Kfum Volda i ei pressemelding.

Jentelaget kom til finaleni fjord. Der vart det sølv etter eit knapt tap mot KFUM Stavanger.

- I år har laget ein stamme av juniorar som spelar på elitelaget, supplert med fleire av dei yngre og framgangsrike jentene som har fleire år igjen i denne klassa, står det i pressemeldinga frå klubben.

U19 laget til Kfum Volda - jenter  Foto: Kfum Volda

I gruppespelet vil KFUM Volda møte Tønsberg og ein av dei største favorittane, Sandnes. Der er mange sterke lag som t.d. KFUM Stavanger, Kristiansand Volleyballklubb, Viking, Øksil og Bodø, og i dette selskapet må nok Volda-jentene reknast som ein av utfordrarane.

- I guteklassa har KFUM Volda svært gode tradisjonar og har teke medaljar i fleng. I fjor tok KFUM Volda bronse, og må nok reknast som ein av favorittane i år. Flesteparten av dei som tok bronse i fjor og gull i U17-klassa for to år sidan er fortsatt med. Volda-gutane vil få det tøft allereie i puljespelet, der dei møter sterke lag frå Viking og Vikersund, skriv Kfum Volda.