Kjempar om opprykk

Ørsta vann lokaloppgjeret

Anders Vatsaas skårar mot Langevåg.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Næraste nabo for handballherrane til Ørsta i 3. divisjon er Langevåg. Laurdag reiste Ørsta til Langevåg for å spele lokaloppgjer. I fjor haust vart det siger for Ørsta, men det var ein kamp dei ikkje var nøgde med. På bortebane kom gjestene klart best i gang. Spelande trenar Anders Vatsaas ordna 7-2-leiing då kampen var tolv minutt gammal. Langevåg gav på ingen måte opp og kjempa seg inn i kampen att. Til pause var stillinga 12-9 i favør Ørsta.

Ørsta hadde ei god periode i starten av 2. omgang. Leiinga auka igjen til fem mål på stillinga 17-12. Langevåg klarte ikkje å kome seg nærare enn fire mål bak etter kvilen. På tampen av kampen sette Joakim Remvik inn to mål på rad og fastsette sluttresultatet til 24-18-siger for gjestene.

Søndag er det heimekamp for Ørsta når Midsund gjestar Ørstahallen. Ørsta ligg på 2. plass i 3. divisjon med 22 poeng. Stjørdal HK/Lånke toppar divisjonen med 25 poeng, men har to kampar meir spelt enn Ørsta. Med siger over Midsund vil Ørsta vere eitt poeng bak leiarlaget med ein kamp til gode.

Vatsaas vart toppskårar for Ørsta mot Langevåg med sju mål.