EB Warriors til topps

Eb Warriors: F.v. Terje Haugen Øye, Magns Bischoff, Rasmus Aarflot, Robin Skuseth, Lars Johan Holsvik, Thomas Lid Kleppe, Espen Viddal, Lars Erik Telseth og Marius Folgerø. 

Sport

Laurdag arrangerte Volda fotball venneturnering i Mørehallen. I herreklassa vart det ein jamne finale mellom EB Warriors og Bratt og Blått. Terje Haugen Øye gav EB Warriors leiinga før målvakt Petter Aasen utlikna. Magnus Bischoff skåra det avgjerande målet i finalen som EB Warriors vann 2–1.

I dameklassa gjekk ArmyGirls FC heilt til topps. Hanna Andenes skåra det einaste målet i finalen mot Folkestad.

Eit langskot frå Nils Dragnes avgjorde finalen i Old Boys-klassa. Fillips vann 1–0 mot Angina.

Totalt 36 tok del i cupen i Volda. Først ut var ungdomsklassene. Roskebjønnane, ført an av toppskårar Mats Brænde Helle, vann guteklassa etter 5-1-siger i finalen. Blant jentene var det Ørsta-laget Steinnes som tok klassesigeren. Dei slo VanKam 2–1 i finalen.