Ørsta skapte handballfest på heimebane

- Vi kan vere stolte i dag

Abdulbaset Aljajeh skåra det første målet i kampen for Ørsta.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

For første gang i Ørsta IL handball si historie vart det spelt kampar i Lerøyserien i Ørsta søndag. Lerøyserien er det øvste nivået for G18-handball i Noreg og Ørsta kvalifiserte seg i fjor haust. Denne helga kom Falk Horten og Haslum, to av dei beste laga i landet, til Ørstahallen. På førehand var det spådd at Ørsta sine sjansar var best mot Haslum. Tidleg søndag morgon viste heimelaget litt for mykje respekt då Falk-Horten stod på motsett banehalvdel, og kampen enda med 27-14-siger for Falk Horten. Om ettermiddagen stod Haslum på motsett banehalvdel og Ørsta viste seg frå si beste side. Abdulbaset Aljajeh skåra Ørsta sitt første mål i kampen, fekk publikum med seg og utlikna til 1–1. Laga følgde kvarandre tett gjennom heile 1. omgang. Vertane leverte godt angrepsspel, men tidvis kom Haslum litt enkelt til i angrep. Midtvegs i omgangen skåra Mathias Welle Aam sitt første mål i kampen og sende Ørsta i føringa 9–8. Inn mot pause var Haslum effektive og gode. Dei klarte å snu resultatet i si retning og gjekk til pause med 18-14-leiing.