Ørsta vann Fair Play-pris

Tore Vinjevoll og Silje Liaseth Vinjevoll med beviset på at Ørsta IL er årets Fair play-klubb. 

Sport

Under Fotballgallaen til Sunnmøre fotballkrets laurdag kveld fekk Ørsta IL prisen årets Fair Play-klubb. Dette var fjerde gongen at klubben var nominert til denne prisen.

- Ørsta har jobba godt med Fair Play i mange år. Dei har eige Fair Play-hefte, fokus på kampvertrolla og har kampvertar på alle kampar og nivå, frå miniturneringar til A-lag for begge kjønn. Kvart år har dei prisutdeling for god Fair Play-ånd. Vidare har klubben ein strategi for arbeidet vidare med Fair Play, stod det i nominasjonen.

Ørsta IL er i år den klubben som i år har oppfølgt kriteria best for Fair Play på Sunnmøre. I tillegg til diplom fekk klubben tildelt 15.000 kroner frå Sunnmøre fotballkrets og Norsk Tipping.

Ørsta var og nominert til prisane årets fotballkommune og årets kvalitetsklubb under fotballgallaen.