Første forsterkinga på plass for Hovdebygda

Hovdebygda-trenar Kenneth Nydahl er godt nøgd med at Bjørnar Holen er klar for klubben.  Foto: Privat

Sport

Tysdag vart det klart at Bjørnar Holen spelar for Hovdebygda i 4. divisjon komande sesong. Dei siste sesongane har spissen med den gode dødballfoten spelt for Sæbø, i tillegg til å vere i trenarapparatet. På slutten av vårsesongen gjekk på lån til Hovdebygda. På fem kampar noterte han seg for åtte skåringar. Han spelte dermed ei viktig rolle i Hovdebygda sin opprykkssesong.

Dette vert Holen si tredje periode i Hovdebygda. Neste sesong skal laget prøve å etablere seg i 4. divisjon.