Ørsta kan bli årets fotballkommune

Nominert: I 2016 fekk Ørsta prisen for årets fotballkommune. I år er Ørsta nominert til årets fotballkommune og Ørsta IL fotball er nominert som årets kvalitetsklubb og årets Fair play-klubb. 

Sport

30. november skal fotballgalla til Sunnmøre fotballkrets arrangerast. Ørsta er nominert til tre prisar.

For sekstande gong skal kretsen kåre årets fotballkommune, og Ørsta kommune er blant dei tre nominerte. Ørsta var og nominert i fjor. I nominasjonen vert det lagt vekt på anleggsutbygginga i Ørsta dei siste åra og at det er vekst i aktiviteten.

– Med seks seniorlag på herresida er dei heilt i toppen på Sunnmøre når gjeld talet på seniorlag i forhold til folketal. Og no kjem også jentene, heiter det i nominasjonen.

Ørsta IL fotball er nominert til årets kvalitetsklubb og årets Fair play-klubb.

– Ørsta held fram med å vekse som klubb. Ingen kvalitetsklubbar har hatt støtte auke i talet på aktive spelarar dei siste to åra enn Ørsta. Det til trass for at klubben har hatt tilhald på det som nærmast kan kallast ein «byggeplass» i denne perioden. Spesielt bra er veksten innan jentefotball. Ørsta er den klubben med flest registrerte jentespelarar. I gruppa 13–19 år har veksten vore på 250 prosent frå 2017 og fram til i dag, skriv kretsen.