John Ove vart årets eldsjel

Jon Ove Høydal har fått prisen Sunnmøres eldsjel.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

John Ove Høydal fekk laurdag tildelt prisen Sunnmøres eldsjel. Utdelinga skjedde under AaFK sin siste heimekamp på Color Line Stadion. Prisvinnaren sjølv var ikkje til stades under tildelinga då Volda spelte kvalifiseringskamp mot KBK 2. Sonen Johan tok imot prisen på vegner av faren. Høydal var ein av tre kandidatar til prisen. Det er AaFK i samarbeid med Sunnmøre Fotballkrets, Coop og Sparebanken Møre som står bak prisen.

I nominasjonen stod det:

– John Ove er Mr. Volda Mr. Dugnad Mr. Prosjekt Mr.altmuligmann! Og har vore det i mange mange år! Han er den som starta Rema1000-cupen i Volda (no Kiwicup), og var leiar for den fram til 2012. Samstundes som han har vore anleggsleiar, styremedlem, sportsleg utval, Futsalcupgeneral, Tussacup, vennecup, konsertnemnd, byggenemnd for Mørehallen, engasjert i klubbhuspåbygg, brannvernsleiar, storressurs rundt herrelaget som oppmann, bussjåfør, svelesteiker, sparringpartner og anna. Einaste som manglar er A-lagstrenar.

–Han er pr. no i arbeidsgruppa for bilmessa, i prosjektnemnda for byggeprosessen vi er inne i, der du for tida finn han i traktorsetet eller nedi ei grøft, han er pådrivar for bingoen, og sit i styret som altmoglegmann. Erfaringsbasa til John Ove har vorte så stor, at vi tviheld på han. Heldigvis slepp vi å halde så hardt! Også følgjer det med ein herleg «pakkedeal»!!! Ei engasjert flott frue som dreg opp ermene og tek eit realt arbeidstak støtt og stadig, ein son som er juniortrenar og ein far som er vaktmeister på anlegget!! Også alltid med eit smil og ein positiv «det-løyser-seg»kommentar!!! Full jobb, kone og 4 gutar … kor finn du tida? Kva skulle vi gjort utan John Ove og gjengen hass? Vi heiar høgt.