Tolv mål på VD stadion

Steffen Roth skåra det siste målet i kampen mellom Vartdal og Vanylven.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

Vartdal fekk tøff motstand då tabelleiar Vanylven gjesta VD stadion onsdag. Gjestene hadde ni sigrar på sine ti kampar denne sesongen. Uchin Cho gav gjestene leiinga 1-0 etter 13 minutt. Mads Hovden skåra to mål før Kristoffer Thue Stranden auka leiinga til 4-0. Sondre Ersvåg og Anders Ystebakk Midtbø teikna seg og på skåringslista før Thue Stranden gav Vanylven leiinga 7-0. Vartdal reduserte ved Karsten Aarset etter 39 minutt, og laga gjekk til pause på stillinga 7-1.

Etter kvilen skåra Cho sitt andre mål i kampen då det var spelt 63 minutt. Morten Grønnevet Sætre reduserte for Vartdal etter 79 minutt. Steffen Roth skåra det ellevte målet for kvelden og før Rolf Audun Vartdal fastsette sluttresultatet til 8-4.

Neste kamp for Vartdal er borte mot Gjerdsvika/LGFK2 komande søndag.