Elias tok 5.-plass i spyd i landskamp

Elias Hovden Nilsen kasta spydet heile 63,15 meter, ny flott personleg rekord (før 61,24 m) og vart nr. 5 og beste nordmann i nordisk juniorlandskamp og nordisk meisterskap U20 laurdag 17. august.

5.-plass: Elias Hovden Nilsen kasta spydet 63,15 meter under juniorlandskampen i friidrett. 

Sport

Dette er andre året på rad at Ørsta IL friidrett sender spydkastarar på U20-landslaget. Under fjorårets nordiske meisterskap i Hvidovre i Danmark tok Andrine Hjellen Haugland 5.-plassen i kvinneklassen.

Landskampen var mellom Norge, Sverige, Finland og Danmark/Island. Dei norske kvinnene vann landskampen med samanlagt 204 poeng. Mennene tok andreplassen samanlagt med 185 poeng. Meisterskapet vart arrangert i Kristiansand.