Ose kaptein for J16-landslaget

Noreg sitt lag mot Island. Tora Ose bak til venstre.  Foto: Jeanette Kristiansen Ringstad / NFF

Sport

J16-landslaget til Noreg er samla i Sverige for å spele Nordisk Tunering. I troppen er Tora Ose frå Ørsta. Torsdag vart den andre kampen i turneringa spelt med Island som motstandar. Ose starta for Noreg og var kaptein, slik ho også var i fleire kampar på J15-landslaget. Iførste kamp var Ose innbyttar i 5-0-sigeren mot Danmark.

Det var 1-1 til pause mellom laga, og kampen enda med 3-2-siger for Island. Laurdag er det klart for ny kamp mot Tyskland.

- Vi møter eit godt lag, men vi gleder oss til kampen. Mange som ikkje starta den første kampen, spelte frå start i dag og vi har fått i gang heile troppen. Det viktigaste for oss på laurdag er å spele ein god kamp mot ein god motstander, sa landslagssjef Harry Hansen til fotball.no.