Sturludottir til Eliteserien

Thea Sturludottir er klar for spel i Oppsal.   Foto: Joachim Åsebø/Arkivfoto

Sport

Thea Imani Sturludottir har vore ein viktig spelar for Volda handballklubb dei to siste sesongane. Bakspelaren har no signert ei 1-årskontrakt med eliteserieklubben Oppsal. Det skriv Volda handball på sine heimesider.

- Thea kom til oss 20 år gammal, frå spel i klubben Fylkir på Island. Ho har vore ein viktig spelar for oss dei to åra ho har vore i Volda, og vil bli sakna både som spelar, trenar for yngre lag, og ikkje minst for det flotte mennesket ho er. Ho har hatt stor sportsleg utvikling i tida i Voldadrakta, og vi gler oss til å følgje karrieren hennar vidare. Heile Volda Handball takkar Thea for innsatsen og ønskjer henne lykke til i ny klubb