Hovdebygda heng med i opprykkskampen etter heimesiger

– Vi spelar ein dårleg kamp, men tek med oss poenga

Sport

– Eg er veldig godt nøgde med den første halvtimen. Då skapar Godøy ingenting og vi spelar faktisk fotball. Mot slutten blir vi med spelet til Godøy. Vi spelar ein frykteleg dårleg fotballkamp, spesielt i 2. omgang, men det er dødballar som gjer at vi skårar mål i dag. Det burde ikkje vere slik ut frå spelet vårt første halvtimen. Då kom vi rundt på kantane, men vi var litt for lite distinkte inne i boksen. Vi blir litt redda av Bjørnar Holen med to målgivande pasningar og eitt mål. Han har også vist seg fram i Hovdebygda-drakta tidlegare.