Åmdal held følgje med Vanylven

Slo Bergsøy 2 på Legene

Audun Lillebø skåra to av Åmdal sine mål.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Åmdal har levert ein veldig god vårsesong i 6. divisjon avdeling 2. Etter dei sju første kampane stod laget med seks sigrar og eitt tap. I siste kampen før sommarferien tok dei imot Bergsøy 2 på Legene. Sondre Fimland Skår gav vertane leiinga, men bortelaget slo tilbake og gjekk til pause med 2-1-leiing. Etter kvilen utlikna Audun Lillebø til 2-2 før same mann sende Åmdal tilbake i leiinga.

Eit sjølvmål sikra 4-2-leiing for heimelaget. Sigurd Nybø vart siste målskårar i kampen. Han fastsette sluttresultatet til 5-2-siger for Åmdal.

Vanylven slo Flø 9-1 onsdag. Dermed er det målforskjellen som skil dei to topplaga. Begge laga står med 21 poeng etter åtte serierunder. Vartdal følgjer tre poeng bak.

Neste kamp for Åmdal er heime mot Tjørvåg 21. august.