Storsiger for Ørsta-damene

Skåra fire mål på seks minutt

Med 8-2-siger over Stranda/Sunnylven torsdag tok Ørsta sin tredje siger på fire kampar. Dermed heng laget med i toppen av 4. divisjon.

Jubel: Ørsta-spelarane jubla etter 8-2-sigeren mot Stranda/Sunnylven torsdag kveld. Foto: Svein Aam  Foto: Svein Aam

Sport

Ørsta sitt damelag hadde før årets sesong eit mål om å vere med i heilt i toppen av 4. divisjon. Laget har fått ein god start på sesongen, men heime mot Stranda/Sunnylven var det gjestene som tok føringa i kampen etter sju minutt. Etter 27 minutt losna det for Ørsta. Tina Holvik Kvalheim utlikna og laga gjekk til pause på stillinga 1–1.

Tina Holvik Kvalheim skåra fire av Ørsta sine mål torsdag.  Foto: Svein Aam

Etter kvilen vart det målshow frå Ørsta. Sunneva Marie Gimmestad gav vertane leiinga etter 53. minutt. To minutt seinare auka Camilla Øye Hamar, Kaja Rekkedal skåra berre eitt minutt seinare og Holvik Kvalheim sette inn 5–1 i det 59 minutt. Gjestene reduserte ein gong før Holvik Kvalheim noterte seg for to nye skåringar. Rekkedal fastsette sluttresultatet til 8-2-siger for Ørsta.

Kaja Rekkedal i duell med ein Stranda-forsvarar  Foto: Svein Aam

Ørsta ligg på 2.-plass. Det er tre poeng opp til Hødd 2, men Ørsta har to kampar mindre spelt. Måndag er det ny kamp på heimebane når Valder kjem på besøk.