Åmdal kjempa seg til siger mot Sæbø

- Sigeren sat langt inne

Sju mål, sugande taklingar, mange frispark og gule kort, to overtidsmål, straffemål og strafferedning. Lokaloppgjeret mellom Åmdal og Sæbø hadde det mest og heimelaget heldt fram sigersrekkja.
Sport

- Sigeren sat ganske langt inne i dag, men desto herlegare er det å vinne. Dette vart eit klassisk lokaloppgjer med ganske bra temperatur og tøffare taklingar. Vi sliter i 1. omgang med å vere påskrudde og vert straffa for det. I 2. omgang gjekk vi ut med innstilling om at dette skulle vi klare. Eg tykkjer vi kontrollerte mesteparten av 2. omgang, sa ein blid Åmdal-trenar Johan Liseth Pedersen etter kampslutt på Legene.