Volda i same divisjon som Larvik neste sesong:

– Kjekt for oss

Komande handballsesong vert det storfint besøk i Voldahallen. I tillegg er spelarjakta i gong for Volda.

Marte Nornes har fornya avtalen med Volda for eitt år.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

(Sunnmørsposten): Då kjem Norges beste damelag frå slutten av 1990-talet og fram til 2017; Larvik Håndballklubb til Volda for å spele seriekamp i 1. divisjon. Larvik har 19 seriegull og 17 cupgull ifrå si stordomstid, og ikkje minst som vinnar av meisterligaen i 2010/11-sesongen.