Sesongstart for Ørsta denne veka:

– Er betre rusta i år

Ei god sesongoppkøyring, ei spelargruppe med meir erfaring og ein vellukka treningsleir til Tyrkia er nokre av faktorane som gjer at det kan bli ein spennande sesong for Ørsta sitt damelag i fotball.

Ørsta 2019: Bak f.v. Ane Serine Dimmen, Tina Holvik Kvalheim , Oda Rekkedal, Margrethe Nybø , Lene Vassbotn Sundklakk , Anthonett Koikoi, Hanne Camilla Osborg Kvammen, Ellen Marie Bjørdal Eikenes, Svea Gretland , Emilie Øye og Kjell Einar Dagfinrud. Framme f.v. Henning Nygård, Mari Myklebust Ørstavik, Camilla Øye Hamar, Kristine Flem, Helena Rand Nygård, Mathilde Dagfinrud, Kaja Rekkedal og Victoria Ervik Halse.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Damelaget til Ørsta IL fotball stilte i fjor med ei stor spelargruppe. Dei deltok i seriespelet både med 11-ar- og 7-ar-lag. Nokre nye spelarar har kome inn i år, i tillegg til at Tina Holvik Kvalheim er tilbake i Ørsta-drakta etter eit opphald i Volda. Der gjer at Ørsta har ein stor stall, men med to lag er det eit kamptilbod for heile spelartroppen.