Ørsta vil forbetre seg:

– Årets sesong blir tøffare enn i fjor

Trenar Vegard Heltne meiner at årets Ørsta-stall er betre samanlikna med laget som avslutta fjorårets sesong. Samtidig trur han at nivået på 4. divisjon har hardna til.

Ørsta 2019: Martin Liaskar, Olai Vinjevoll, Vidar Liaskar, Eskil Vinjevoll Nes, Jørgen Winjevoll, Markus Halse, Sjur Haug, Markus Bolli Austrheim og Sigurd Aarflot Sundnes og Fredrik Jørgensen. Framme f.v. Lasse Rebbestad, Kristian Myklebust, Andreas Skarmyr Egset. Iver Vinjevoll, Sverre Sætre Orten, Knut Erik Myklebust, Simen Tømmerbakk Flekke og Sigurd Ose  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Vi har utvikla det offensive registeret. For vår del er spørsmålet om vi klarer å kombinere lågt press med å eige ballen. Det er vanskeleg å få til, men vi nøydde til å vere modige i spelet og spele oss ut av press når vi ligg lågt i bana. Det er noko som vi også har blitt betre på.