Jenny og Henrik sikra seg KM-medaljar

I helga vart konkurransesesongen avslutta for alpinistane på Stranda. Jenny Kristin Tvergrov og Henrik Stranden sikra seg KM-bronse i slalåm. Trym Øye tok gull i G18-klassa, og Oda Brenne tok sølv i J16-klassa.

Ørsta-alpinistane samla på Stranda.  Foto: Ørsta alpin

Sport

Rundt åtti alpinistar frå Møre og Romsdal skikrets var samla på Stranda i helga. Det var finalehelg for Sparebanken Møre-cup og krinsmeisterskap i slalåm. Ørsta alpin stilte med femten deltakarar fordelt på dei urangerte og rangerte klassene. Berre arrangørklubben Stranda (24) og Spjelkavik (17) hadde fleire deltakarar på start.

På heimebane var det ikkje heilt uventa dominans frå arrangørklubben, men Ørsta-alpinistane gjorde det også godt. I J14-klassa køyrde Jenny Kristin Tvergrov to gode omgangar. Ho låg på 3.-plass etter 1. omgang og forsvarte plasseringa si i 2. omgang. Dermed vart det 3.-plass og bronsemedalje i krinsmeisterskapen. Ariana Rebbestad køyrde inn til 7.-plass etter å ha vore uheldig i 1. omgang. Marthe Elise Aarskog Walseth kom på 8.-plass og Tuva Øye på 10.-plass.

I same årsklasse på guteside køyrde Henrik Stranden godt. Han låg på ein 3.-plass etter 1. omgang, og med god margin hadde han tredje beste tid også i 2. omgang. Voldingen tok KM-bronse. Patrick Andre Haugen køyrde inn til 5.-plass i same årsklasse.

I J16-klassa konkurrerte Ingvild Fauske Dale og Oda Brenne om KM-gullet. Stranda-alpinisten var raskast laurdag og dermed vart det sølv for Brenne. For gutane stod medaljekampen mellom fire utøvarar. Bendik Åmbakk låg på ein 2.-plass etter 1. omgang. Ørsta-alpinisten braut i 2. omgang, og dermed rauk også medaljen.

I Menn U18 var Trym Øye einaste deltakar. Ørsta-alpinisten kom seg trygt gjennom to omgangar og sikra seg dermed KM-gullet.

I dei yngste klassene køyrde Aleah Rebbestad, Thea Emilie Haugen, Tord Øye, Oda Aarskog Walseth, Anabelle Rebbestad og Isak Arneson Lothe for Ørsta alpin.

Alpinhelga på Stranda vart avslutta med parallellslalåm søndag. For Henrik Stranden vart det ein ny 3.-plass og Oda Brenne tok ein ny 2.-plass.