Volda mot Ørsta 16. mai

Terminlistene for lokalfotballen er no spikra. I år går 16. mai-oppgjeret mellom Volda og Ørsta i Volda.

Lokaloppgjer: Volda tek imot Ørsta 16. mai. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

I fjor vart det 2-1-siger til Ørsta heime mot Volda 16. mai, medan kampen i Volda enda uavgjort 1–1. Over påske sparkast årets sesong i fotballen i gang på ny. I år er det Volda som blir arena når Volda og Ørsta møtest 16. mai.

Hovdebygda i 5. divisjon er sett opp med heimekamp mot Sykkylven 16. mai.

I 6. divisjon avdeling 2 er det ikkje sett opp lokaloppgjer. Åmdal skal møte Vanylven 14. mai. Ørsta 2 spelar borte mot Bergsøy 2 15. mai. Vartdal tek imot Flø på heimebane 15. mai og Sæbø spelar heime mot Gjerdsvika/LGFK 2 same dag.

Ørsta-damene spelar og 15. mai og møter Valder på heimebane.