Sikra seg sølvet

Storhamar og Malene Aambakk slo Larvik i sisteseriekamp og sikra seg sølvet i Eliteserien.

  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Storhamar og Tertnes like mange poeng før siste serierunde i Eliteserien i handball onsdag kveld. Medan Storhamar tok imot Larvik på heimebane, reiste Tertnes til Kristiansand for å møte seriemeister Vipers. På Hamar vart det ein svært jamn kamp. Til slutt kunne heimelaget juble for 23-22-siger og den første sølvmedaljen på høgaste nivå i klubben si historie. Malene Aambakk, som skal spele for Molde komande sesong, har dermed teke bronse- og sølvmedalje i Eliteserien dei to siste sesongane.

Sesongen er ikkje over for handballen. No ventar sluttspelet for dei åtte beste laga i Eliteserien. Storhamar valde torsdag å møte Byåasen i kvartfinalen.