Ørsta-alpinistane konkurrerte med noregseliten

Frå torsdag 28. mars til søndag 31. mars vart det arrangert Telenorleikane i alpint oppe på Vassfjellet ved Trondheim. Dette er landsfinalen for U13 og U14 alpinistar i Noreg.

God køyring: Både Ariana Rebbestad og Jenny Kristin Tvergrov viste habil køyring på Vassfjellet. Foto: Ørsta Alpin  Foto: Ørsta alpin

Sport

Frå Ørsta Alpin reiste Henrik Stranden, Tuva Øye, Ariana Rebbestad og Jenny Kristin Tvergrov. Dei har hatt kjekke dagar, og samla mange fine minner, trass i utfordrande vêr.

Freidig Alpin har gjennomført eit profesjonelt arrangement under ekstremt krevjande vêrforhold med mykje snø. Det har blant anna gått med 9 tonn salt i løpet av desse fire dagane. Saltet er med på å binde snøen, og lage mest mogleg like forhold for alpinistane.

No skulle ein tru at snø er kjærkome for alpinistar, og det er det for så vidt, men rett før og under renndagar er det ein fordel med opplett og minusgrader.

I landsfinalen er det femti prosent premiering, og Ørsta Alpin kan informere om at alle løparane deira reiste heim igjen med pokal. Ei plassering forklarer ikkje alltid prestasjonen som ein løpar har gjort. Mange faktorar spelar inn. Forholda i bakken, personlege forbetringar eller uhell. I alpint er det på same tid ei konkurranse om å komme seg raskast ned bakken, men også ei personleg konkurranse mot seg sjølv om å forbetre eit eventuelt gap opp til fyste plassen.

Både Tuva og Henrik har vist gode skiferdigheiter, og kunne begge reise heim igjen med premiering. Henrik fekk ein 22.-plass av 78 startande i storslalåm, medan Tuva fekk ein 22.-plass av 64 startande i slalåm.

Viste gode skiferdigheiter: Henrik Stranden og Tuva Øye. Foto: Ørsta Alpin  Foto: Ørsta alpin

Henrik og Tuva har eitt år igjen med deltaking i landsfinalen.

Ariana og Jenny Kristin viste også særs habil køyring i løpet av dagane på Vassfjellet. I storslalåm køyrde Ariana seg opp frå ein 12.-plass, av 72 startande, til ein 8.-plass etter to omgangar, berre 2.23 sekund opp til 1.-plassen. I andre omgang hadde ho ei av dei beste tidene. Jenny Kristin viste gode takter og stor utvikling i slalåm, der ho i fyrste omgang låg an til ein 10.-plass, berre 1.55 sekund opp til fyrste plass. Etter andre omgang enda ho på ein 12.-plass, av 67 startande, berre 3.31 sekund opp til 1.-plassen. Dette er hennar personlege beste til no i år.

Alle fire har vist særs god skikøyring, og spanande resultat.

Søndag var det ein ekstra spesiell opplading til slalåmrennet for U14. Klokka skulle som kjent stillast mot sommartid frå laurdag til søndag. Det gjorde at deltakarane “eigentleg” stod opp kl. 04:30 (05:30 sommartid) for å nå synfaring av løypa kl. 06:00 (07:00 sommartid). Men dette takla dei fint, og kom seg av garde på renn.

No er det hovudlandsrenn for U16 som byrjar på Oppdal i neste veke.

Frå ØIL Alpin stiller Mathea Stranden, Oda Brenne og Bendik Åmbakk.

Vi ynskjer dei lykke til!