Tora vart overraska med stipend – no går turen til Makedonia

– Dette var skikkeleg stas. Eg var ikkje klar over at dette skulle kome no

Stipend: Tora Ose fekk tildelt Drivkraft-stipendet til Sparebank 1 Søre Sunnmøre laurdag. Avdelingsbanksjef Ole-Magnus Orlien stod for overrekkinga.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Tora Ose var godt i gang med oppvarminga saman med G16-laget til Ørsta laurdag då den vart avbroten. Avdelingsbanksjef Ole-Magnus Orlien i Sparebank 1 Søre Sunnmøre tok ordet.