Årsbeste av Ørsta

Ingen har slått Melhus/Gimse i 3. divisjon denne sesongen. På bortebane var Ørsta nære laurdag kveld i det som prestasjonsmessig var årsbeste av dei lokale handballherrane.

Elling Dimmen skåra fem mål borte mot Melhus/Gimse laurdag.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

Handballherrane til Ørsta har kjempa i toppen av 3. divisjon heile denne sesongen. Melhus/Gimse, som var ein opprykksfavoritt før sesongstart, har vore suverene. Seksten sigrar og ein uavgjort kamp var fasiten før Ørsta kom på besøk laurdag kveld. Heimelaget tok initiativet i kampen i starten, men Ørsta heldt godt følgje. Midtvegs i omgangen var det eitt mål som skilde laga på stillinga 12-11 til vertane. Like før pause hadde Melhus/Gimse auka forspranget sitt til fem mål. Laga gjekk til pause på stillinga 22-18.

Ørsta leverte ein god start på 2. omgang. Etter tolv minutt skåra spelande trenar Anders Vatsaas og avstanden var igjen eitt mål, 28-27. Melhus/Gimse klarte å bygge seg opp eit forspang på tre mål att, men kvar gong det skjedde slo Ørsta tilbake. Fire minutt før full tid reduserte Joachim Remvik for Ørsta til 36-34. Melhus/Gimse skåra det siste målet i kampen og fastsette sluttresultatet til 37-34-siger.

For Ørsta spelte Bjørn Vik Henriksen, Bendiks Øverbø (1), Jonas Sira, Mathias Welle Aam (1), Joachim Remvik (10), Anders Vatsaas (5), Nikolai Fagerhol Sira, Elling Dimmen (5), Ruben Rekkedahl Nydahl (2), Odin Silseth Tømmerbakk (3), Per Ingebrigtsen (7) og Marius Stinessen Osborg.

Søndag er Orkanger motstandar for Ørsta. Etter tapet laurdag ligg Ørsta på 4. plass på tabellen. Det er framleis mogleg å passere Molde som ligg på 3. plass.