Første turnering i ny hall

Volleyball i Ørstahallen

Søndag arrangerte KFUM Volda Volleyball seriespel i U17 i Ørstahallen. Det er første gong KFUM Volda arrangerer turnering i den nye Ørstahallen, og 12 lag frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane deltok.

Bronse: G17-laget til KFUM Volda spelte seg fram til bronsefinale i Ørstahallen. Foto: Erlend Krumsvik  Foto: Erlend Krumsvik

Sport

KFUM Volda-jentelaget som stilte med eit U15-lagi U17-turneringa, men vann likevel sine kampar mot Florø og Molde. Dei tapte for Blindheim og Svelgen. Med stor innsats frå dei unge spelarane kom KFUM Volda til slutt på ein fjerdeplass av sju lag. Voldalaget fekk trent godt på tøff motstand frå laga med ein del eldre spelarar. Dette er ei god oppkøyring mo NM U17 i Volleyball i Blinheimshallen komande helg.

4.-plass: J17-laget til KFUM Volda enda på ein 4.-plass i det første seriespelet i Ørstahallen. Foto: Erlend Krumsvik  Foto: Erlend Krumsvik

GU17 laget til KFUM Volda spelte seriekampar mot Blindheim IL, Molde VBK og Svelgen. Innleiande tapte Volda 0–2 mot både Blindheim og Molde, og vann 2–0 mot Svelgen. I finalen spelte Molde mot Blindheim. Denne vann Molde overbevisande 2–0 (25-16, 25-15) I bronsefinalen spelte KFUM Volda mot Svelgen og avslutta med ein flott siger 2–0 (25-18, 25-21).

Ørstahallen er ein stor og flott hall og vi spelar gjerne meir volleyball der. Det vart eit vellukka arrangement, mykje takka vere dei flotte fasilitetane i hallen. Ørstingar er velkomne både på treningar i Volda, og som publikum på kampar og turneringar.