180 born og ungdommar deltok i årets Trimrenn/Sparebank1-cup

Det vart arrangert fire renn i år med finale og premieutdeling sist tysdag kveld. Samla deltok 180, og på det meste 160 på ein av kveldane. I tillegg deltok nokre seniorar.

Premiering og skiglede: Tysdag var det finale og premieutdeling i trimrenna og Sparebank1-cup på Bondalseidet. Ifølgje Hovdebygda IL langrenn har 180 born og ungdomar vore med over fire renn. Foto: Hovdebygda IL langrenn  Foto: Hovdebygda IL langrenn

God deltaking: Trimrenna og Sparebank1-cup har vore ein suksess for Hovdebygda IL langrenn. Her frå målgangen tysdag. Foto: Hovdebygda IL langrenn  Foto: Guttorm Øye/Hovdebygda IL langrenn

Sport

I år har det vore ein veldig god vinter for langrenn. Sesongen på ski starta på Bondalseidet 4. desember. Etter det har det vore samanhengande godt skiføre og fine forhold i lysløypa og i Åmskarløypa. Nokre få dagar med litt lite snø, men likevel brukandes for langrenn. Bondalseidet er største utfartsstaden vinterstid på Søre Sunnmøre. Mykje folk på ettermiddagar, kveldar og i helgane som nyttar langrennsløypene.

Trimrenna/Sparebank1-cupen vart arrangert med langrennstadion som utgangspunkt. Eit fint område for langrenn, trening, skileik, skirenn, med bålpanne, gapahuk og godt opplyst om kveldane.

God deltaking: Trimrenna og Sparebank1-cup har vore ein suksess for Hovdebygda IL langrenn. Her frå målgangen tysdag. Foto: Hovdebygda IL langrenn  Foto: Guttorm Øye/Hovdebygda IL langrenn

Kjekt at så mange deltok. Alle fekk delta med startnummer på brystet og starta etter kvart ein melde seg på. Etter målgang var det saft å få. Sist tysdag var det finalerenn og alle som hadde delteke i vinter, kunne hente ein velfortent premie.

Vi kunne sjå at borna var flinke på ski, nokre fekk litt hjelp, men framgangen var stor frå første skirenn til siste skirenn. Og dei ivrigaste gjekk mange rundar. Speaker forklarte om påmelding og start, og heia på alle når dei gjekk i mål.

Dei som var sju år og eldre, hadde tilbod om å delta i skirennet med tidtaking. Til saman var det om lag 60 som var med på dette.

Det vil nok vere snø i langrennsløypene lenge framover. Treningane til Hovdebygda Il langrenn i fire treningsgrupper held fram til påske.

Vi kan også nemne at søndag 24. mars er det nytt langrenn på Bondalseidet, kretscup for Møre og Romsdal skikrets med innlagt rekrutt renn.