Innebandyen vil vise seg fram i Ørstahallen

– Vi har plass til fleire

For vel eitt år sidan vart Ørsta innebandy starta opp. No er dei på plass i Ørstahallen og har von om at fleire får auga opp for sporten.

Full innsats: Det var høgt aktivitetsnivå i Ørstahallen onsdag då Ørsta innebandy var samla. No ønsker den ferske klubben fleire aktive.  Foto: Joachim Åsebø

Vi vil skape meir aktivitet

Frank Harald Velle
Sport

For dei unge innebandyspelarane i Ørsta har det vore ein stor overgang frå gymsalen på Vikemarka skule til Ørstahallen. I førre veke starta dei opp med treningane i den nye hallen, og det manglar ikkje på engasjement på bana. Innebandyklubben er organisert under Ørsta Idrettslag. Alt av utstyr er på plass i den nye hallen og det er tilbod både for unge og vaksne.