Tre avdelingar i 6. divisjon

På tampen kom det inn to påmeldingar til spel i 6. divisjon. Det gjer at det også i år blir tre avdelingar i divisjonen.

Åmdal-spelar Johan Liseth Pedersen jubla for skåring i sigeren mot Ørsta 2 på bortebane i fjor. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Sæbø, Vartdal, Åmdal og Ørsta 2 skal spele 6. divisjon på herresida i fotball denne sesongen. Som i fjor er påmeldt tjueseks lag til seriespelet. Sunnmøre fotballkrets har delt inn laga i tre avdelingar. To med ni lag og ei avdeling med åtte lag. Dei lokale laga skal i år møte Bergsøy 2, Flø, Gjerdsvika/LGFK 2, Tjørvåg og Vanylven.

Med ni lag i avdeling to blir det totalt seksten kampar for dei lokale laga. Det best plasserte laget som kan rykke opp frå kvar av avdelingane rykker opp, og vinnarane av dei tre avdelingane spelar enkel serie om krinsmeisterskapet i 6. divisjon for menn.