Volda handball har "moral på høgde med Kolåstinden"

Kjempa seg attende i dramatisk kamp

Coaching av ypperste klasse og moral på høgde med Kolåstinden, gjorde at Volda snudde kampen og sikra to nye poeng i Voldahallen.

  Foto: Joachim Kroken Åsebø /Arkiv

Sport

Det skriv Volda handball på sine heimesider.

Volda - Fjellhammer 27-24 (9-13).

Det var Fjellhammer som starta best, og dei lukkast med det meste i første del av førsteomgang. På det meste leia Lørenskog-laget med sju mål over Volda.

- Likevel drog heimelaget i land ein ny, sterk siger i førstedivisjon etter ein imponerande snuoperasjon i andreomgang. Ikkje verdas mest velspelte kamp, men spekka med intensitet, drama og innsats, oppsummerer dei sjølve.

I pausen tok laget tak, og bestemte seg for å snu kampen i sin favør. Det lykkast dei med.

– Vi bestemte oss for å stå betre i forsvar og passe litt på ho som scora så mykje i starten av kampen. Dessutan skulle vi halde oss til vår plan, vi datt litt ut av den i første omgang og gjorde ting som vi ikkje brukar å gjere. Dette var ein litt viktig kamp og vinne, for å sjå om vi er så gode som vi ser ut til å vere, seier Maria Ulla klubben sine nettsider.

Marte Nornes vart kåra til banas beste spelar, i ein nesten fullsett Voldahall.

Dette var den tiande sigeren for Volda-damene i førstedivisjon, og dei ligg no på tredjeplass i førstedivisjon. Sola ligg på førsteplass og Aker Topphåndball på andre.