Bjørgum trenar Vartdal

– Blir eit kjekt år

– Eg har spelt for Vartdal før og kjenner den eldre generasjonen i laget. Eg veit at det er ein bra gjeng på Vartdal.

Ny trenarduo: Are Bjørgum (t.h) er ny hovudtrenar for Vartdal. I trenarteamet får han seg Kristoffer Fiksdal, og begge ønsker å skape optimisme og positivitet rundt a-laget.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Det seier den ferske Vartdal-trenaren Are Bjørgum. Han har fleire sesongar bak i den blå drakta og har takka ja til å vere hovudtrenar for 6. divisjonslaget. I trenarteamet får han med seg Kristoffer Fiksdal som har vore spelande trenar for Vartdal dei siste sesongane.

– Gler meg

I 2016 og 2017 var Bjørgum trenar for Ørsta sitt a-lag. Han gjekk deretter til Volda der han utgjorde trenarteamet for Volda 2 saman med Arild Hagen Bakke, i tillegg til å vere trenar for juniorlaget. No vender han tilbake til Ørsta-fotballen, og gler seg til å ta fatt på oppgåva på Vartdal.