Dan Børge (35) konkurrerer med eliteløparane i langløp

Laurdag fullførte Dan Børge Saure, Bjørke IL, langløpet Kaiser Maximillian Lauf i Austerrike. Laurdag er han klar for å måle krefter med lang-løpseliten igjen i La Diagonella i Sveits.

Langløp: Dan Børge Saure har reist til Austerrike og Sveits for å ta del i langløp. Av 500 eliteløparar enda han på 116. plass i Kaiser Maximillian Lauf laurdag. Til helga skal han i aksjon i La Diagonella i Sveits. Arkivfoto  Foto: Svein Halvor Moe

Sport

Gjennom mange år har Dan Børge Saure vore med det i lokale langrennsmiljøet i kommunen. I Møre-Nytt har han tidlegare blitt omtalt som ein ung veteran då han i 2017 fullførte sitt syttande Birkebeinarrenn frå Rena til Lillehammer.

35-åringen likar seg godt med ski på beina, men i år ville han prøve seg på noko nytt. Langløpa Kaiser Maximillian Lauf i Austerrike og La Diagonella i Sveits har berre blitt arrangert i nokre år, men begge løpa er ein del langløpscupen Ski Classics. På laurdag stod Dan Børge på startstreken i eliteklassen saman med Anders Aukland, Petter Eliassen, Simen Østensen, svenske Jørgen Brink og russiske Eugeniy Dementiev for å nemne nokon. Eliassen gjekk først over målstreken. Saure som ikkje heilt hadde dagen enda på 116. plass litt over 35 minutt minutt bak vinnaren.

– Det kunne gått betre og det kan ikkje klaffe til alle tider. Det hadde snøva ein god del i veka før løpet. Det gav lause forhold, men det var og likt for alle, seier Saure.

Meir staking laurdag

Onsdag var han på veg frå Austerrike til Sveits i buss. Dagane etter Kaiser Maximillian Lauf har blitt nytta til skigåing og førebuing, og laurdag skal han igjen måle krefter i eliteklassen i La Diagonella i St. Moritz.

– Eg vonar at det skal gå litt betre der. Løypene er flatare og det skal passe meg betre. Det blir meir staking på laurdag enn i Austerrike.

Saure har i alle år representert Bjørke IL, og det gjer han også i Austerrike og Sveits. Etter det han kjenner til er han den einaste frå klubben som deltek i langløpa i Mellom-Europa. For å vere i stand til å ta del i langløpa må det leggast ned mange treningstimar.

– Det blir ein god del timar på ski i løpet av året. Eg er mellom anna med på onsdagstreningane til Hovdebygda IL langrenn, og det er kjekt når det er eit miljø og fleire som er med å trenar.

– Fristar det å prøve seg på nytt i desse løpa til neste år?

– Ja, det gjer det absolutt viss tida strekker til.