Skuffa etter uavgjort mot Molde

Ørsta hadde sjansen til å gå forbi Molde på tabellen og blande seg inn i opprykkskampen i 3. divisjon då laga møttest laurdag. Kampen enda uavgjort 27–27.

Uavgjort: Jonas Sira skåra seks mål for Ørsta i 27-27-kampen mot Molde laurdag. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Herrelaget til Ørsta leverte ein god første halvdel av årets handballsesong i 3. divisjon, og tok juleferie på tabelltopp. Molde og Melhus/Gimse hadde gått forbi Ørsta på tabellen før årets første kamp laurdag. Molde gjesta Ørstahallen og fekk den beste starten på kampen. Etter fire minutt viste resultattavla 0-5, men før kampen hadde blitt seks minutt gammal hadde Ørsta redusert til 3–5. Per Ingebrigtsen sende Ørsta i leiinga 7–6 etter elleve minutt, men Molde tok initiativet att mot slutten av omgangen og gjekk til pause med 14-11-leiing.