Andreas frå Norangdal suveren rundt Rotevatnet

Andreas Skylstad, Norangdal IL var suveren i juleutgåva av Rotetvatnet rundt.  Foto: Martin Hauge-Nilsen

14 løparar tok del i Rotevatnet rundt laurdag.  Foto: Martin Hauge-Nilsen

Sport

Andreas Skylstad, Norangdal IL, var laurdag var suveren i juleutgåva av Rotevatnet rundt.

Skylstad sprang den 6,1 kilometer lange distansen på 21 minutt og 33 sekund.

14 deltakarar stilte til start i rundløypa rundt Rotevatnet.

Bak Andreas Skylstad kom Matias Mørkedal, Langevåg IL, på tida 22.46. På tredjeplass kom Bjørn Ole Vassbotn, VTI, med tida 22:49.

Ingen damer stilte til start i løpet.


Andres Skylstad har tidlegare sprunge Rotevatnet rundt på tida 21.03. At han denne gongen brukte litt lenger tid, skuldast nok ikkje forma, men dårlegare løpsforhold.

Kjenner du att namnet Andreas Skylstad frå noko anna? Korrekt: Denne mannnen spring ikkje berre rundt vatn. Andreas er mannen som har sprunge fire gonger på Slogen - på same dag..

Vi snakkar altså om ein hardhaus i toppklassa.