Ørsta på tabelltopp

Vann på ein dårleg dag

Ørsta viste glimtvis at dei er eit mykje betre lag enn Langevåg laurdag, men prestasjonen i 28-21-sigeren var ikkje trenar Anders Vatsaas særleg nøgde med.

Anders Vatsaas vart toppskårar for Ørsta med elleve mål, men den spelande trenaren var ikkje nøgd med prestasjonen mot Langevåg. 

Sport

Ørsta var store favorittar då Langevåg på besøk i Ørstahallen laurdag ettermiddag. Medan vertane kjempar i toppen av 3. divisjon hadde gjestene framleis til gode å ta poeng i seriespelet. Likevel var det lite som skilde laga på resultattavla den første halvdelen av 1. omgang. Etter kvart tok Ørsta kommandoen og styrte banespelet. Bakarst gjorde Marius Stinessen Osborg fleire gode redningar, og dei gongane angrepsspelet til heimelaget sat klarte ikkje Langevåg å halde følgje. På nokre få minutt drog Ørsta ifrå, og sikra seg ei åttemålsleiing 18–10. Spelande trenar Anders Vatsaas skåra det siste målet i omgangen og Ørsta gjekk i garderoben med 19-10-leiing.