Ørsta kan bli årets fotballkommune

Ørsta, saman med Sandøy og Stranda kommune, er nominert til prisen årets fotballkommune. I tillegg kan Ørsta IL, Volda TI og Sæbø IL vinne prisar under fotballgallaen til Sunnmøre fotballkrins.

Jubel: Vartdal G13 slo Folkestad 9-4 i den første kampen på den nye kunstgrasbana på Vartdal. Anleggssituasjonen i kommunene er eit kriterium som vert vurdert når årets fotballkommune skal kårast. Ørsta er ein av tre nominerte. Foto: Janne-Marit Myklebust  Foto: Janne-Marit Myklebust

Sport

For to år sidan var Ørsta kommune kåra til årets fotballkommune av Sunnmøre fotballkrins. I desember kan det blir meir heider og ære for Ørsta. Det er i år femtande året at fotballkrinsen kårer årets fotballkommune.

– Prisen skal tildelast den kommunen på Sunnmøre som oppfyller mest av følgjande kriterium: tal på lag i forhold til innbyggjartal, anleggssituasjon og kommunen sitt engasjement i desse og eventuelt andre kommunale engasjement inn mot fotball, opplyser fotballkrinsen.

To Ørsta-klubbar nominert

I tillegg til at Ørsta kan få prisen som årets fotballkommune kan både Ørsta IL og Sæbø IL få prisar under fotballgallaen. Ørsta IL er nominert til årets Fair Play-klubb saman med Emblem IL og SIF/Hessa IL.

– Prisen går til den klubben som gjennom planmessig og godt arbeid har utmerka seg med gode og virkningsfulle Fair Play tiltak, primært det siste året, heiter det i kriteria.

Vinnaren av prisen får eit diplom og 15.000 kroner i prispengar.

Gjennom året vert det arrangert mange miniturneringar for dei yngste fotballspelarane i krinsen. Sæbø IL, saman med Mauseidvåg & Solevåg IL og Stranda IL, er nominert som årets arrangør av miniturnering.

– Utvelginga skjer med bakgrunn i tilbakemeldingar frå både deltakande lag og arrangørane som er sendt inn.

I tillegg til diplom er det 5.000 kroner i prispengar.

Årets jenteklubb

Volda TI er nominert til to prisar under fotballgallaen. Saman med HaNo FK og SK Herd kan Volda bli årets jenteklubb. Prisvinnaren får 15.000 kroner i prispengar. I tillegg kan Volda bli årets arrangør av Tine fotballskule. Dei er nominert saman med Emblem IL og Valldal IL.

Fotballgallaen blir i år arrangert 8. desember i samband med fotballtinget.