Europacupspel og cupfinale ventar for Malene:

– Eg har fått meir tillit og har teke sjansen

Malene Aambakk har gradvis fått ei viktigare rolle på handballbana for Storhamar denne sesongen. 25-åringen set no vekk studiane for å konsentrere seg om handballen.

Heime: Denne veka har Malene Aambakk kopla av i heimtraktene. Neste veke startar oppkøyringa mot cupfinale-spel, gruppespel i EHF-cupen og medaljekamp med Storhamar.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Med 1.400 tilskodarar og eit tent Storhamar-lag vart det handballfest på Hamar førre søndag. Då det streta imot for Hamar-laget stod Malene Aambakk fram og skåra fire viktige mål. Prestasjonen var avgjerande for at Storhamar er klar for gruppespelet i europacupen i handball.