Bronse for Noreg og Fjørtoft

Silje Fjørtoft, frå Ørsta, sprang inn til 6.-plass i Nordisk meisterskap i terrengløp. I tillegg vart det bronsemedalje i lagkonkurransen.

Bronse: Silje Fjørtoft og det norske laget tok bronse på Island. Arkivfoto  Foto: Svein Halvor Moe

Sport

I helga vart Nordisk meisterskap i terrengløp arrangert på Island. Silje Fjørtoft, som no representerer Ull/Kisa, deltok i nordisk meisterskap for første gang sidan 2012. Sigrid Jervell Våg frå BU vart beste norske kvinne med ein 5.-plass i konkurransen. Sluttida var 28.22, 38 sekund bak bronsemedaljen. Fjørtoft kom i mål til ein 6.-plass tre sekund bak Våg.

Prestasjonen til dei fire norske kvinnene gav bronsemedalje i lagkonkurransen. Sverige tok gullet føre Danmark.