To sterke heimesigrar i Ørstahallen

Full pott for Ørsta

I helga viste Ørsta at dei er gode nok til å kjempe i toppen av 3. divisjon denne sesongen. Både NTNUI Håndball 2 og Strindheim IL Håndball Elite 2 vart sendt heim til Trøndelag med tap.

Siger: Jonas Sira vart toppskårar med sju mål mot Strindheim 2 søndag. Ørsta slo både Strindheim 2 og NTNUI 2 på heimebane i helga. Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Før årets sesong meinte trenar Anders Vatsaas at Ørsta var gode nok til å vere med i toppen av 3. divisjon. Etter tap mot Melhus/Gimse og NTNUI Håndball 2 i sesongopninga spelte Ørsta uavgjort mot Molde på bortebane og vann deretter dei fire neste seriekampane. Laurdag og søndag venta det tøff motstand i Ørstahallen i NTNUI Håndball 2, som stod utan tap på sju kampar, og Strindheim IL Håndball Elite 2 som låg like bak Ørsta på tabellen.