Stor trivsel i Kiwihallen:

– Kjekt å vere to jenter på fotballskule

Tradisjonen tru arrangerer Ørsta IL fotball fotballskule i skuleferien. Medan regnet hølja ned i starten av veka var trivselen høg inne i Kiwihallen.

Glad gjeng: Rundt førti deltakarar frå 1.- til og med 6. klasse tek del i Sparebanken Møre fotballskule i haustferien.  Foto: Joachim Åsebø

Det er kjekt å vere to jenter

Sport

– I år landa vi på eit reint fotballtilbod i haustferien. Vi har ikkje vore så flinke på å marknadsføre tilbodet, men vi er nøgde med å ha i overkant av førti deltakarar. Deltakartalet er nok litt ned frå tidlegare år. I år var dette eit tilbod som i utgangspunktet gjekk til dei som er med FFO, men det også ope for dei som ville vere med, seier leiar Frode Følsvik for fotballfritidsordninga i Ørsta IL fotball.