Ørsta er godt førebudde før seriestarten:

– Målet må vere å vere i toppen og kjempe om eit opprykk

Herrelaget til Ørsta handball har lagt bak seg ei god sesongoppkøyring. Trenar Anders Vatsaas meiner at laget er godt til å kunne kjempe i toppen av 3. divisjon.

Klare til seriestart: Ørsta startar sesongen heime mot Melhus/Gimse laurdag. Bak f.v. Stian Aasen (assistenttrenar), Bendiks Reklev Øverbø, Per Ingebrigtsen, Bjørnar Sundnes, Anders Vatsaas og Ruben Rekkedal Nydahl. Framme f.v. Joachim Remvik, Elling Dimmen, Mathias Welle Aam, Trym Follestad, Marius Osborg, Nikolai Fagerhol Sira, Sigurd Vinjevoll, Emil Bjørdal og Tare Reklev Øverbø.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Endeleg er det klart for sesongstart. Oppkøyringa har vore veldig bra for oss. Dei fleste har trent godt individuelt gjennom sommaren. Vi har cirka hatt ein månad saman der vi har sprunge mykje og fått trent ein del med ball. Vi skal absolutt vere godt førebudde til sesongstart, seier Vatsaas.