Brann knuste Start 4-1 på heimebane måndag kveld. Dette var første kamp etter salet av Sivert Heltne Nilsen. Mange har reagert på salet sidan Brann jakta gullet i Eliteserien og det har vore mykje spekulasjonar rundt årsaka til overgangen både i media og på sosiale medium. Då Eurosport intervjua Lars Arne Nilsen måndag avslørte trenaren at Brann var i forhandlingar med Sivert Heltne Nilsen om ei ny kontrakt.

– Dette er rett og slett ein forhandlingssak. Vi greidde ikkje å signere han vidare. Så enkelt er det, sa Nilsen til Eurosport.

– Vi saknar han sjølvsagt på trening og på kamp. Det har eg også vore tydeleg på, til både gutta, administrasjonen og Sivert sjølv. Eg skulle gjerne hatt han med vidare.

Med tre poeng måndag gjekk Brann forbi Rosenborg att på tabellen og toppar Eliteserien.

Søndag ventar ein tøff kamp for Nilsen og Brann-mannskapet når dei reiser til Aker Stadion for å møte Molde. På Brann stadion vart det 4-0-siger til Molde i byrjinga av juli.

Lars Arne Nilsen. Foto: Pressefoto