G15-laget kvalifiserte seg til A-sluttspelet etter å ha avslutta det innleiande gruppespelet med to sigrar. I den fyrste kampen vart det tap.

I 32.-delsfinalen venta Kumla IFK frå Sverige. Kampen vart spelt torsdag føremiddag.

Ørsta i leiing

Fyrste omgang var mållaus, men der Ørsta dominerte banespelet.

Difor var det fortent då Evan Aambø gav Ørsta leiinga tidleg i andre omgang.

Det såg ut til å gå mot siger for Ørsta, men to minutt før tida var ute, utlikna Kumla etter eit hjørnespark.

Fleire mål vart det ikkje, og det vart klart for straffesparkkonkurranse.

Og for ein straffesparkkonkurranse det vart. Etter dei fem fyrste straffesparkrundane var det framleis uavgjort. Då var det klart for eitt og eitt straffespark.

– Vi hadde sjansen til å avgjere på straffespark nummer sju og nummer ni. Men då Kumla bomma på sine straffespark, då bomma vi også. Og når vi skaut i mål, då skaut også Kumla i mål, fortel trenar Tommy Urke Synnes.

Fyrst på stillinga 13–13 vart det ei avgjerd. Då greidde Kumla å skåre på det neste, medan Ørsta bomma. Dermed vart sluttresultatet 14–13 til det svenske laget.

Leverte godt

– Akkurat no kjennest det litt bittert at vi rauk ut, for vi meiner vi var det beste laget, og vi hadde fleire sjansar til å avgjere, fortel Urke Synnes.

Han meiner G15-laget leverte svært godt under turneringa.

– I den heimelege serien spelar desse i G16-serien. Difor var det kjekt for dei å møte jamaldringar, og vise at vi hevda oss godt mot gode lag. Det er inspirerande, seier Urke Synnes.

J15-laget til Ørsta kom til B-sluttspelet, og spelte sekstandedelsfinale mot Sørumsand. Også der gjekk kampen til straffesparkkonkurranse etter uavgjort ved ordinær tid. Sørumsand fekk tidleg overtaket, og vann kampen 5–3.