I fjor var Ronnie Furset med på Sæbø-laget som vann si avdeling i 6. divisjon, rykka opp og vart KM-meister. Onsdag kveld stod han på trenarbenken for motstandaren Stranda. I sommarvêret var det lite som vart skapt av sjansar i opninga av kampen. Etter atten minutt fekk gjestene straffespark. Frå straffemerket var Stranda-spelaren trygg og 1–0. Etter ein halvtime var gjestene svært nær ved å doble leiinga, men avslutninga gjekk like utanfor stolpen. Nokre minutt seinare fekk Tommy Riise Olsen stå umarkert på eit hjørnespark og utlikna med hovudet. Fem minutt før pause svikta det meste defensivt for Sæbø. Ein Stranda-spelar fekk bevege seg umarkert til seksten meter, og sette ballen bak Mats Riise i Sæbø-målet. 2–1.

Stranda jublar etter å 2-1-målet. Foto: Joachim Åsebø

Heimelaget klarte å skape eit lite trykk inn mot pause. Omgangen vart blåst av då to spelarar gjekk blødande ut av ein hovudduell.

Det vart blodig både for Stranda og Sæbø like før pause. Foto: Joachim Åsebø

Sæbø opna 2. omgang klart best. Marius Riise vart spelt gjennom tidleg i omgangen, men avslutning gjekk til side for mål. Heimelaget hadde spelet, men Stranda var svært nær skåring etter åtte minutt. Fire minutt seinare ropte Riise og resten av Sæbø-laget på straffespark. Det fekk dei ikkje, men minuttet seinare blåste dommaren då Bjørnar Holen vart takla innanfor sekstenmeteren.

DEnne situasjonen enda med straffespark for Sæbø. Foto: Joachim Åsebø

Frå straffemerket var Holen trygg og 2–2.

Bjørnar Holen var sikker frå straffemerket og sette inn 2-2-målet. Foto: Joachim Åsebø

Terje Holen kom til ein god sjanse midtvegs i omgangen. Stranda var ikkje heilt ufarlege og målvakt Riise varta opp med to gode redningar. Ti minutt før slutt avslutta Marius Riise godt. Terje Holen var på ope mål på returen, men avslutninga gjekk utanfor. Nokre minutt før full tid var Riise igjen frampå, men avslutninga gjekk igjen til side for mål. Dermed ebba kampen ut på stillinga 2-2, og begge lag var litt misnøgde med å ta eitt poeng.

– Det er kjekt at det er vi som produserer dei største sjansane. Vi har spelt sju kampar. I seks av dei har vi gått tomme for krefter midtvegs i 2. omgang. I dag var det varmt, men vi står kampen ut. Når vi klarer det så klarer vi også å produsere sjansar. Ut frå sjansestatistikken så bør vi vinne kampen, sa trenar Mats Riise etter kampen.

I dei neste kampane skal Sæbø møte lag på nedre halvdel av tabellen i 5. divisjon. Med mykje positivt å ta med seg vonar Riise at det kan bli meir poengfangst inn mot sommaren.

– Vi har vore vel uheldig med skader og ulike ting. Eg vonar at vi kan ha litt flaks i tida framover.

Marius Riise var nær skåring fleire gonger for Sæbø. Foto: Joachim Åsebø

Hovdebygda var også i aksjon torsdag kveld. Heime mot nyopprykka Guard, med tidlegare AaFK-spelar Trond Fredriksen i startoppstillinga, var Hovdebygda favorittar. Favorittstempelet klarte vertane å innfri med 5-2-siger.