– No vert det bygt ein ny hall i Ørsta, og det blir lagt til rette for at mykje kan skje. Det er ikkje nok med eit bygg. Vi treng aktivitet, ambisjonar og folk som har trua og vilja til å få det til, seier Rune Hovde som er ny leiar i Ørsta IL handball.

Den nye styreleiaren er klar på at handballgruppa må arbeide på fleire frontar.

– Vi har ikkje lukkast i like stor grad som Volda i handballsatsinga, og vi har hatt dårlege føresetnader med tanke på hall. Mykje tid og krefter har gått med til hallsaka, men no kan byrje å tenke at vi skal bli sterkare, tydlegare og meir ambisiøse. Det ligg i mandatet som det nye styret har fått å jobbe med.

Hovde peikar mellom anna på at det må leggast til rette for at handballen blir ein heilårsidrett.

– Vi må halde oss i gang også på sommaren. Vi kan ikkje stoppe heilt opp og så har konkurrentane våre to månaders forsprang når vi startar opp att.

I august vert det kalla inn til eit møte for framtida til Ørsta IL handball der både spelarar, føresette, trenarar og sponsorar er inviterte.

– Vi byrjar no på eit strategiarbeid der vi vil finne ut kvar vi ønsker å vere om fem år. I august vil vi ha ein workshop for å bestemme retninga og kor vi vil hen. Her er alle gode krefter velkomne til å ta del. For at dette skal bli bra må vi i styret gjere ein skikkeleg jobb i forkant, og det skal vi gjere, seier Hovde.

Dei siste åra har det blitt satsa på gute- og herrehandballen i Ørsta.

– Eg er veldig oppteken av å legge forholda til rette. Vi skal ha enda meir fokus på jentene våre, og til neste sesong vil vi ha eit 18-årslag på jentesida for første gang på mange år. Desse jentene vil og vere grunnstammen i ei satsing på damehandballen. På same måte som G16-laget vil vere det på herresida. No vil vi prøve å bygge litt meir frå grunnen av.

Ørsta handball og Volda handball har hatt ein avtale som har gjort at dei beste jentespelarane har meldt overgang til Volda og gutespelarane til Ørsta.

– Denne avtalen har delvis fungert. Det vil framleis vere slik at dei som vil verte veldig gode har eit lag å gå til. Vi har ikkje ambisjon om å utfordre Volda. Vi skal bygge opp eit miljø som er attraktivt. Inntil vidare skal Volda ha elitesatsinga, men du skal kunne bli ein god handballspelar i Ørsta samtidig som du har det fole kjekt.

Den nye styreleiaren takkar og for innsatsen til dei som har styrt handballen.

– Ørsta IL handball har blitt drive av eit knippe entusiastar i årevis og dei skal ha mykje ære og takk for innsatsen. Dei er med på laget vidare og vil vonleg vere med på å bygge ein sterkare, tydlegare og meir ambisiøs klubb.