- Marte har hatt stor utvikling den siste sesongen og er ein veldig viktig spelar for oss. Ho er ikkje berre rask fram i kontra, men også ein sterk forsvarsspelar - ein eigenskap som ikkje mange vingar har, seier Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson til heimesidene til Volda handball.

Marte Lausund Nornes leverte ein svært god sesong for Volda og har no signert ein ny avtale på eitt år.

Kantspelar Maria Ulla har bestemt seg for å satse vidare og har skrive under på ein toårsavtale med klubben.

- Maria har som mor mykje å gjere, så vi er veldig glade for at ho velgjer å satsa med oss vidare, seier Haraldsson.

Maria Ulla i aksjon mot Hønefoss. Foto: Joachim Åsebø