– Det er heilt fantastisk. Denne kampen viser at du skal aldri gje opp og vi må kjempe på. Laget droppa ikkje eit par prosent sjølv om alle var slitne. Det vart gjort eit par bytter fekk friske bein på bana. Det er heilt fantastisk og det viser at vi har ein brei, ung og god tropp som vil vinne fotballkampar. Dette er kanskje den viktigaste kampen gjennom sesongen og då er det viktig at vi tek sigeren, sa Myklebust rett etter kampen.

Volda hadde vunne dei to førre møta mellom rivalane. Begge kampane i 2014 enda med 1-0-siger til Volda. I vårsola på Ørsta stadion vart det mykje stillingskrig mellom laga dei første 45 minutta. Verken Vebjørn Skeide i Volda-målet eller Martin Liaskar i Ørsta-bana vart sett på dei store prøvene. Volda var det farlegaste laget gjennom 1. omgangen, men at det stod 0-0 til pause var det ingenting å seie på.

Myklebust avgjorde

Etter kvilen kom Ørsta godt i gang og fekk fart på ballen. Heimelaget skapte fleire farlegheiter og hadde initiativet i kampen. Likevel var det Volda som kunne sleppe jubelen laus først. Tolv minutt ut i omgangen fekk Justinas Busmic tåa på ballen etter eit hjørnespark og Volda var i føringa 1-0.

Justinas Busmic sende Volda i føringa tolv minutt ut i 2. omgang. Foto: Joachim Åsebø

Ørsta gjekk rett i angrep frå avspark, og Simen Tømmerbakk Flekke fekk pressa fram eit hjørnespark frå målvakt Skeide. Volda-målvakta såg ut til å ha kontroll på hjørnesparket, men mista ballen og Marius Ulla utlikna til 1-1.

Marius Ulla utlikna til 1-1. Foto: Joachim Åsebø

Ørsta heldt fram med å ha intiativet i kampen utover i omgangen, men dei store sjansane fekk ikkje dei rundt 500 tilskodarane sjå. Tre minutt før full tid slo Tømmerbakk Flekke inn frå høgre og Myklebust stanga Ørsta i leiinga.

Jubel: Knut Erik Myklebust gav Ørsta leiinga 2-1 på tampen av kampen. Foto: Joachim Åsebø

På overtid vart Fredrik Jørgensen felt innanfor 16-meteren. Skeide redda straffesparket frå Olai Vinjevoll, men like etterpå kunne Ørsta sleppe jubelen laus for 2-1-siger over Volda.

– Ørsta vann fortent, og det kan du sitere meg på, sa Rasmus Aarflot etter kampslutt.

Ørsta-kaptein Tore Sætre Orten trykka til i duellane. Foto: Joachim Åsebø

Stolt

Ørsta-trenar Vegard Heltne var stolt av spelarane sine etter kampen.

– Volda låg veldig organisert og gjorde det vanskeleg for oss. Sjølv om dei har trykk på oss så skapar dei ingenting i 1. omgang. I pausen vart vi einige om vi var nøydde til å byrje å skape noko sjølv. Vi fekk nokre angrep tidleg og sette ein liten støkk i Volda. Vi har full kontroll i 2. omgang slik eg ser det.

ØRsta-Trenar Vegard Heltne var stolt av sine eigne spelarar etter 2-1-sigeren over Volda. Foto: Joachim Åsebø

– Du spådde før sesongen at Ørsta skulle slå Volda 16. mai. Kor godt er det å faktisk ha gjort det?

– Eg merka både i forkant og under at dette er ein spesiell kamp. At eg sa det tidleg er flåsete. Vi var ikkje favorittar i dag, men vi går ut på bana, bretter opp ermene og vinne til slutt fortent. Det er det aller viktigaste i dag. Vi har hatt eit par sigrar i år der vi ikkje har vore spesielt gode. I dag vinne fordi vi er gode. Den innsatsen som var lagt ned i dag er vanvittig. Vi slit i 1. omgang, men vi viser karakter i 2. omgang og all ære til spelarane, seier Heltne som gler seg til 17. mai-feiring i Volda.

I garderoben etter kampen stod jubelen i taket, og sigeren 16.mai betydde mykje for det unge Ørsta-mannskapet.

- Frykteleg skuffande

Volda leverte ingen stor kamp mot Ørsta, og trenar Dagmund Evebø var ikkje nøgd med eige lag etter kampen.

– Vi spelar ein dårleg kamp. Vi har eigentleg full kontroll til vi slepp inn mål på dødball, og Ørsta er ufarlege før det. Vi måtte gjere ein del rokkeringar og bytta ein del grunna at spelarar som har vore skadd lenge måtte ut. Etter det dett vi ut av det. Det var for lite bevegelse framover og vi truga Ørsta for lite. Det var frykteleg skuffande. Ørsta er ikkje noko godt lag, men dei jobba hardt, har stort engasjement og ære vere dei for det.

Volda-trenar Dagmund Evebø var ikkje nøgd med prestasjonen til eige lag. Foto: Joachim Åsebø

– Viss Volda skal henge med i toppen av 4. divisjon må de vise noko heilt anna enn i dag?

– Det er heilt klart. Vi hadde ein liknande kamp mot Valder i førre runde. Då vann vi utan at vi fortente det. Vi er så langt unna det vi bør vere. Det virkar som at det at vi slo AaFK2 6-0 har gått til hovudet på ein del slik at vi trur vi betre enn det vi er.