Mange rekordar på Midsundleikane

I strålande solskin stilte Ørsta IL friidrett med sju utøvarar på Midsundleikane søndag 13. mai.
Sport

Elias Hovden Nilsen (G17) kasta 700 gr spydet 55,19 m (903 Tyrvingpoeng) som er ny pers (før 54,90 m) og ny klubbrekord G17.

Andrine Hjellen Haugland (J18/19) kastar godt tidleg på sesongen. Ho hadde to gode kast opp mot 41 m. Lengst i dag vart 40,93 m (948 Tyrvingpoeng).

Christina Wilke (KS) støytte 4 kg kula 11,19 m og sette ny pers. Ho er no klubbens tredje kvinnelege kulestøtar over 11 m gjennom alle tider. Ho hoppa 2,40 m i stav og sette både ny pers og klubbrekord kvinner.

Amalie Tomasgard (J16) spring stadig raskare. Ho sprang inn til ny pers på 800 m på 2,31,09 og er no like ved å klare UM-kravet. Ho kasta og 500 g spydet 23,02 m og sette pers.

Filip Hoggen (G14) sette to nye sterke persar: 200 m på 28,87 og 600 m på 1,45,70 og ny klubbrekord G14.

Tiril Tomasgard (J11) støytte 2 kg kula 4,02 m og sette pers.

Thea Nilsen (J13) kasta 400 g spydet 22,50 m og sette ny pers.

Same dag kasta Anna Hjellen Haugland (J16) slegga 39 meter på stemnet Loggane Open. På treningsøkta i samband med stemnet kasta ho slegga over 48 meter. Det lovar svært godt for sesongen!

Skrive av Ørsta IL friidrett