Mot Langevåg vart det ein god og ein svak omgang. Før pause storspelte heimelaget og fekk sett eit forsvar som sulalaget hadde store problem med å kome gjennom. Det som kom av skot vart redda av  Ingrid Krumsvik som storspelte i Voldaburet. Trass  mange bom i angrep, kunne Volda2 gå til pause med 14-5 leiing.

I starten på 2.omgang skulle ein tru at heimelaget hadde forlenga pausen. Langevåg utnytta dette godt  og skåra fem på rad før første Voldaskåring kom.  Voldalaget fekk det ikkje til å stemme i nokon ende  på bana. I angrep vart det for mange tekniske feil og svake avslutningar. I mål hadde Langevåg ein svært god keeper i Julianne Fylling. I fleire perioder etter pause, stengde ho buret. Sulalaget kom farleg nær heimelaget, men voldajentene greidde å halde leiinga kampen ut og vann 23-19.

Svært ujamn innsats på Volda denne gongen. Før pause fekk alle prøve seg og alle greidde seg svært godt. I 2.omgang vart den største utfordringa å få ballen i mål. Med ei so stor leiing ved pause verka det som om laget mista litt av konsentrasjonen. Likevel  må laget seie seg nøgde med siger og ein strålande 1.omgang.

Utklassa Klæbu

Ein såg tidleg at dette kom til å bli ein enkel kamp for heimelaget som fekk sett opp eit godt forsvar og i mål  sto Ingrid Krumsvik svært godt gjennom heile kampen. Laget auka leiinga utover i 1.omgang og kunne gå til pause med 17-3 leiing.

Den største utfordringa etter pause var å halde konsentrasjonen. Det greidde Voldajentene og i perioder fekk ein sjå mange flotte angrep. Det heile stoppa på ein fortent 35-9 siger.

Ein godt gjennomført kamp der alle leverte både i angrep og forsvar. Samtlege spelarar fekk mykje speletid og skåringane fordelte seg jamt utover.

Ein kamp att

Volda 2 står no med ti sigrar denne sesongen og avanserte til femteplass på tabellen. Det står ein kamp att og den går komande søndag og er mot seriemeisterane i 3.divisjon,Midsund.  Desse laga møttest for berre to veker sidan. Då tapte Volda poenga i siste sekund av kampen. Dette har dei nok lyst til å revansjere i Voldahallen søndag

Volda 2 –  Klæbu  35-9  (17-3)

Voldahallen

Volda2: Ingrid Krumsvik 1,Vedrana Terzic, Ann L. Ose 4 , Anne Egset 3, Jenny H.Nilsen 4, Vanessa Hoel 6 ,Karen H.Vollsund  4 ,Maren R.Pedersen ,Andrine Brandal Dahl 6, Monika Brandal Moe 3 , Yngvild Røv 4.

Toppskårar Klæbu: Carina Skogstad, Jeanette Berger og Anette Dahl 2 kvar.

Utvisningar: Volda 1 x2min, Klæbu  2 x2 min

Best på Volda: Vanessa S.Hoel og Ingrid Krumsvik

Volda 2 – Langevåg 23-19 (14-5)

Voldahallen

Volda2: Ingrid Krumsvik ,Vedrana Terzic, Ann L. Ose 3 , Kaisa Holsvik 2,Anne Egset 1, Jenny H.Nilsen 5 , Vanessa Hoel 4, Karen H.Vollsund 3, Maren R.Pedersen ,Andrine Brandal Dahl 1, Monika Brandal Moe 1, Yngvild Røv ,Therese Søvik 1,Gunnhild Bjørngård 2.

Toppskårar Langevåg: Christine Skrede 7.

Utvisningar: Volda 4 x2min, Langevåg  2 x2 min

Best på Volda:  Ingrid Krumsvik og Jenny H.Nilsen

Tekst: Ove Krumsvik